Trettiårskrigen og kristentru.

Fra Bibelsk-Tro
Nr. 6 - 2006.
Av Nils Dybdal-Holthe.

1618 byrja den krigen som ei historiebok karakteriserer som “ei skræmeleg ulukke for Tyskland”. Me finn mest ikkje ord for dei lidingar som både soldatar og innbyggjarane måtte gjennom. Det er grufullt å lesa skildringar frå denne tida.

Og det verste er kanskje at det i stor mon var ein religi-onskrig. Og den var blanda saman med egoistisk politikk. År etter år bølgja hærane fram over tyske bygder og byar og la etter seg død og forderving i stor skala. Byen Magdeburg i Nord-Tyskland vart t.d. brent ned til grunnen, og 20 000 innbyggjarar miste livet på ei natt. Og slik var det mange stader. Soldatane stal og myrda og dreiv hor mest kor dei kom. Folket levde i stadig otte og gøymde både husdyr, born og særleg ungdom bort i skogar og avsides stader.

Då er det me kan spørja: Kva med tru og kristenliv i slike netter?

Skal me få eit bilete av det, må me gå til personar som levde i Tyskland under denne krigen, anten som vaksne eller som ungdomar ein vesentleg del av krigstida. For å gjera det så enkelt som råd, og slik at alle kan skjøna det, skal me ta fram songar i songboka “Syng for Herren”, og slike som er skrivne i krigen eller kort etter krigen var slutt. Dette er autentiske vitnemål om korleis dei levde som Guds born i ei djupsvart natt.

I songboka finn me minst 12 personar som er relevante her. Av desse var 8 prestar og ein fyrste. Dei andre var òg offentlege personar som altså kjende tilhøva vel. Her må me hugsa at prestane på den tida ikkje var embetsmenn slik me tenkjer. Dei hadde ikkje løn og stilte på line med bøndene ved at dei måtte skaffa si eiga inntekt ved gardsbruk. Dermed var dei utsette for om lag det same røveriet som folk flest. Mange opplevde direkte svolt og var i naud. Me samlar alle desse i ei liste her, med nokre personalia og årstal. Tala i parentes er songar i songboka, som dei har skrive.

1) Johann Christoph Arnsch-Wanger, f. 1625 d. 1696. Han var altså 23 år då krigen slutta i 1648 og opplevde krigen som ungdom. Han var tysk prest. (267). Me veit ikkje kva tid han skreiv salmen. Men den vitnar om djupe tankar, eit ærleg sinn og klår lære. Han syng om nådens pakt, om freistingar ved Sinai og helvete som ein realitet. Krigen er nok i tanken hans når han skriv om “den onde verdens makt”. Men Lammet har sigra over alt. Og “da blir jeg glad i sinn som jeg så i himlen inn”. Slik går det an å leva i trengselstider.

2) Tobias Clausnitzer, f. 1618 d. 1684, var 30 år då krigen slutta. Han var tysk-svensk og feltprest under krigen. Dermed opplevde han krigen slik soldatane hadde det. (25). Han var eigentleg tysk, men tenestegjorde som svensk feltprest i krigen. Sverige var med i trettiårskrigen. Som overskrift over songen her: Jesus Frelser vi er her, står det: “Å synges før prekenen.” Og ein har nytta songen som opning eller før talen mange, mange gonger. Han er skriven lenge etter krigen, i 1663. Han kjenner kanskje på tendenser i folket til å verta sløve etter trengselstider. Difor må han be at Herren må lukka opp hjarto slik at me kan lukka han inn. Og den “formørkede forstand” er alltid like mørk og vil ikkje høyra Guds ord.

Difor må Guds lys trenge “gjennom sinn og sans” og vekkja oss “opp av sløvhets dvale”. Me kjenner dei same tonane att i våre liv. – Då han døydde, fekk han attesten: “Han hadde tent Herren sin trufast i Guds vingard.”

3) David Denicke, f. 1603 d. 1680, var tysk konsistorialråd. (369). Han var ungdom og vaksen under krigen. Salmen hans er skriven over Luk. 17,5: Gjev oss meir tru. Og han skreiv salmen året før krigen slutta. Og han har sett poenget: ikkje den tru eller meining som verda har, men “lær meg at jeg lar ditt ord bestemme troens saker”. Det er ein god lærdom. Trass i at han hadde studert både jus og filosofi, men ikkje teologi, ser han klårt om trua. Han var lært av Gud. Det vitnar han om: “O Jesus, du som troens gnist har latt min sjel få kjenne.” Ein prest sa til meg for mange år sidan: ’Eg undrar meg ofte over at lekfolk som ikkje kan gresk, kan sjå så klårt inn i Guds ord.’ Men er det eigentleg underleg, når Gud sjølv får vera lærar?

4) Johann Franck fødd det året krigen braut ut, i 1618 og d. 1677. Han var 30 år då krigen slutta og var borgarmeister. (124). Dette er ein lovsong for alt Gud gav oss. Han skreiv salmen eit par år etter krigen etter inspirasjon av Salme 100. Sjølv om det alltid er slik han syng, har truleg takken for freden tona med.

5) Paul Gerhardt er den store salmediktaren på denne tida, f. 1607 d. 1676. Han var 41 år då krigen slutta og var prest. Me har fleire salmar i songboka av han (260, 275, 312, 386, 662. I tillegg har han omsett nr 48 og 672). Året før krigen slutta, skreiv han den mektige påskesalmen: “Her ser jeg et tolmodig lam.” I Hauge si salmebok var det ti vers. I songboka har dei teke fem vers som denne salmen (nr 662), og to andre vers som ei ny salme (nr 275). Trass i krig er han konsentrert om sjølv grunnvollen i kristentrua: Lammet som døydde og sona synda. Det kan ein tolka slik at han ville snu sine eigne tankar og folket i eit krigsherja land, bort frå det vonde, mot Han som vann over det vonde. Han såg at der låg sigeren.

Det ser me i nr 275 (som altså er same salme): “Mitt liv det er i Jesu blod tross alle dødens piler.” Eller kanskje han augna freden året etter. Då var det viktig at folket ikkje tenkte berre på den jordiske freden, men såg det sentrale. Det ser me i v. 4: “Hver time vil jeg deg min skatt med kjærlighet omspenne, hver tanke, ord og gjerning…”. Etter krigen skreiv han fleire salmar, utan at dei har bakgrunn i krigen. Nr 312: Er Gud for meg, har t.d. eit dødsfall og ei likpreik som bakgrunn.

6) Justus Gesenius, f. 1601 d. 1673. Han var prest, 17 år då krigen byrja og 47 då han slutta og var vaksen det meste av krigstida. (277). Salmen hans er skriven to år før krigen slutta. Trass i vonde tider politisk og materielt, syng han om synda som vil krenka han. Og det er ikkje soldatane si synd, men “når meg min synd vil krenke”. Men han har òg merka “helveds makt og list”, v. 3. Og han talar om sin kross og sin fortred som han må tola. Det er fint å sjå korleis Guds folk har halde fast ved den sanne og smale vegen trass i motgang.

7) Matthäus Apelles von Løwenstern, f. 1594 d. 1648. Han var prest, musikar, diktar og statsmann. Då krigen byrja, var han ein vaksen mann på 24 år og døydde om våren det året han slutta. Han opplevde slik ikkje sjølve freden. (884). Salmen er skriven fire år før krigen slutta, og åndar av tankar om krig og fred. Guds folk lever midt i ei vanskeleg tid, og han bed: “Fri oss ut av fiendens snarer.” Herren må bøya ned dei som reiser seg mot Guds folk. Han bed om fred både i kyrkja og i landet, og vil prisa Guds godleik. Det vitnar om tru.

8) Martin Rinckart, f. 1586 d. 1659. Han var prest og levde krigstida som ein vaksen mann – han var 32 år i 1618. (916/917). Dette er ei takkesalme, ikkje for den endelege freden – den var ennå langt unna i 1630/36. Men for hjartefred trass i krig. Og han ber om nåde og hjelp i naud. Han har eit hjarta som rettar seg oppover mot Den Allmektige Gud midt i den tyngste tida landet hadde gjennomlevd. Det gir perspektiv for oss som ofte har mindre sorger å tenkja på.

9) Michael Schirmer, f. 1606 d. 1673. Han var rektor, og 12 år då krigen byrja. (44). Songen hans er skriven i 1640, åtte år før krigen var slutt, og sjølv var han 34 år. Songen er ei bøn – ikkje om jordisk fred og lette dagar, men om at Anden og Ordet må koma og bu hjå dei. Han ser mørket og kjenner vonde tankar. Han veit at det er der freden må byrja, dette lyset må brenna i dei.

10) Wilhelm II var tysk fyrste av Sachsen-Weimar og musikar f. 1598 d. 1662. (55). Songen er ei bøn, skriven det året krigen slutta – han var 50 år då. Her gjeld det òg liv og kraft ved Anden, ikkje hemn over fiendar eller gode og lette jordiske kår. Nei, “gjev liv og kraft i hjarta vårt, og vis oss sanningsvegen klårt”. Det viser rette og klåre tankar med syn for det sentrale: Guds rike og gudslivet. – Wilhelm II var protestant og var sjølv med i trettiårskrigen saman med ein bror og vart såra og teken til fange.

11) Johann Ludvig C. Allen-Dorf, f. 1593 d. 1673 var tysk prest, (522). Men den songen me har av han, var skriven seks år før krigen byrja. Sjølv overlevde han krigen. Allendorf var pietist og hadde høyrt A. H. Francke i Halle, der han seinare vart prest. Han var audmjuk og “hadde den sjeldne egenskap å gjøre meget godt i det skjulte”, skriv Lars Aanestad.

Han var berre 19 år då han skreiv den mektige salmen: “Jesus, din søte forening å smake…”. Det var denne salmen Hauge song på åkeren i Tune då han møtte Gud til frelse. Me kan tru at mange pietistar nynna på desse versa i harde krigsår: “Styrk meg rett kraftig i sjelen der inne, at jeg kan kjenne hva Ånden formår.” Denne løyndomen treng me alle både i anfekting og ytre vanskelege kår. “Så jeg i sannhet må kalle meg din.” I Landstads salmebok er det 7 vers, og i songboka vår berre 6. Dei har der dikta to vers saman til eitt.

12) Johann Rist, f. 1607 d. 1667 var tysk prest, (5). Salmen hans er skriven (i 1655) etter krigen, men han ber med seg røynsler og tankegods frå dei tunge åra: “Når verden gir meg sorg og savn…” Likevel har han ei klår tru, sju år etter freden kom. Han vil skunda seg til Jesus, erkjenner si synd, men veit det er ein open himmel i Jesu namn. Salmen er eigentleg mykje større, på tolv vers der kvart vers har åtte liner. Det var Wexels som i 1840 delte tre vers slik at det vart seks korte vers.

– Rist hadde forresten eit heller broket liv. I byrjinga var han svært romsleg kristeleg sett og vart karakterisert som “en kirkelighet som ikkje er uten verdslighet”. Det er ingen god attest. Mot slutten av livet vart det likevel annleis. Han budde ved Hamburg som vart skåna for mange av redslene i trettiårskrigen. Men i byrjinga av 1640-åra vart området plyndra og rana av m.a. svenske hærar. Pesten herja og han vart sjuk. I fredsåret døydde kona hans. Desse opplevingane er truleg bakteppe for salmen, der han kjenner at Jesu namn lokkar han og gjev han fred: “Ved deg jeg dør i salig tro.”

- Me kan ikkje alltid vita nøyaktig kva som er bakgrunn for slik dikting. Og me skal ikkje pressa situasjonane for mykje. Men det er interessant å sjå korleis tida har prega song- og salmediktinga. Det gjev oss eit anna perspektiv å vita litt om tid og hending i den tida dei skreiv. Me legg òg merke til at songar og salmar som lever lenge, har ei alvorleg soge bak seg. Dei er fødde i kamp.