Guds veg med Israel.

Fra Bibelsk-Tro
Nr. 4 - 1999.
Av Olav Toft.

Apostelen Paulus sine ord i brevet til romarane 9,1 ff, lyder slik:

"Det eg no seier, er sanning. Eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande. Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt bort frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn etter kjøtet. Dei er då israelittar, dei tilhøyrer (også i dag) barnekåret og herlegdomen, paktene og lovgjevinga, gudstenesta og lovnadane. Dei tilhøyrer fedrene, og frå dei er Kristus komen etter kjøtet, han som er Gudover alle ting, høglova i all æva."

Med dette vil ein ikkje ha sagt at Guds ord har blitt om til inkje. Ikkje alle som ættar frå Israel, er verkeleg Israel. Heller ikke alle Abrahams etterkomarar er abrahams born, for i Isak skal det nemnast deg ei ætt. Det står då: "Gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di". Det vil seia at det ikkje er naturleg nedætting som gjer nokon til jødar. Det er dei som er born etter lovndaden som skal reknast for Abrahams ætt.

For dette er eit lovnadsord: "Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son!" Ikkje berre dette, men slik hende det også med Rebekka. Ho vart med barn ved ein mann, vår far Isak. Og då dei endå ikkje var fødde, og enno ikkje hadde korkje godt eller vondt – for etter hans råd etter utveljing skulle stå fast, ikkje på grunn av gjerningar, men ved han som kaller –, då vart det sagt til henne: Den eldste skal tena den yngste. –Kva skal me då seia? Er Gud urettferdig? Langt der ifrå! –

Gud er ikkje urettferdig i sin handlemåte med menneska. Han er trufast og held lovnadane som han gav sitt eigedomsfolk, Israel. Men det kan sjå ut som om Gud har god tid før det vert fred for det jødiske folket. Aller tyngst er å sjå at historia tek seg opp att. Det er no snart seksti år sidan Tyskland gjekk til åtak mot Guds utvalde folk; Israel. Og i våre dagar går snart størsteparten av det såkalla kristne Europa mot Israel. – No som før er det mange som ikkje er klar over at dette fører galt avstad.

Dei som brukar fine ord om fred i Midt-Austen bør vera merksame på at nettopp denne tankegangen, eller slagplanen, er det Satan brukar i endetida for å få bort Bibelens lovnader til landet Israel og jødane. Men me veit at Guds lovnader står fast til evig tid, etter skriftene. Og det bør ingen gløyma.