Føregarden - samlingsplass og skiljeplass.

Fra Bibelsk-Tro
Nr. 2 - 2012.
Av Otto Jakobsen.

Johannes var rykka inn i Guds himmel (Åp 4,1flg) og fekk i oppdrag å skrive ned det han såg. I Åp11 får han i oppdrag å måle templet, alteret og dei som tilbed der. Men han får ikkje lov til å ta med føregarden, for den er overgjeven til heidnigane. Alteret og templet utgjorde ein mykje mindre andel enn føregarden, ca 6-7 gonger mindre. Dette er Guds eigedom, og det er i Guds interesse å markere grensene.

Føregarden var der folket var samla. Dei markerte med det at dei ville høyra Gud til og vere hans med seg og sine.

Når eit menneske tek standpunkt for Kristus, kan ein gjerne seia at dei går gjennom vedkjennigsporten inn til føregarden. Ein får eit gjerde mellom seg og verdens folk som ikkje vil vedkjenne seg Kristus. Dei trur at alt er greit fordi ein ikkje er i verdens flokk. Her vert nok mange narra. Kristus er ikkje fornøgd med å få den enkelte gjennom vedkjenningsporten, men han trekker alle mot alteret der han sjølv er. Dei aller fleste får han berre halvvegs og dei vert verande i føregarden resten av livet.

Den levande Gud tolerer ikkje ei blanding av sjøvdyrking og sann Gudsdyrking. ”Gi du var kald eller varm, men fordi du er lunken, vil eg spy deg ut av min munn” (Åp 3,16)

Ved alteret lyt sjølvlivet mitt ofrast, og Kristuslivet vert mitt. I føregarden slepp ein å døy, men ein berger sitt liv. Ein trur at føregardsgjerdet markerer Guds eigedom og berger meg frå alt det vonde, også den evige fortapinga. Ein trur at Kristus er der fordi gjerdet er der. Kristus er ved alteret, og vil du overgi deg til han, må det skje ved alteret og berre der. Ved alteret skjer det ei utveksling av synd og nåde. Synda vert hans fordi den vart hans ein gong. Kristus vert på nytt din fordi han vart det ein gong på korsets tre.

Tru er å komme til Kristus med sine synder. Då fungerer alteret etter sin hensikt. Då er ein innanfor eigedomgrensene. Ein er kjend av Gud fordi ein får hans liv ved dette alter. Dei som er ved alteret og tilbed der, trur på han og vert som hans eigedom boren gjennom trengslene, også endetida sitt redslesregime. Det er ikkje spørsmål om kva du har gjordt, men kva gjer du med det.

Føregardskristedom er kjenneteikna av at ein ikkje misser sjølvlivet. Det lever såpass verdsleg at ein vert tolerert og såpass kristeleg at ein får halde på kistendoms namnet. Dei tok ikkje mot kjærleik til sanninga så dei kunne bli frelst. Dei kjem sjeldan for å høyra Guds ord, fordi det vert for varmt. Gudsfrykta vert til slutt så lita at ein vågar greit å sitja heime. Trivst med verda over gjerde, men trøystar seg med at det er dog eit gjerde mellom. Vert berre oppbygd av det som trøystar og digger egoet.

Føregarden skal tråkkast ned, den høyrer til verda og er under domen.
Må Herren få lov til å stelle slik med oss at me misser oss sjølve og må klynge oss til han slik at han åleine vert vårt liv og vår Frelsar.